Mine tankar før turen

Av Mona Herskedal Fjelland, styrer i Espira Halsnøy Kloster

Det er mange følelsar i sving desse dagane. Tenk at eg har fått mulighet til å reise til Zimbabwe, det er ikkje kvar dag ein får tilbud om det. Korleis blir det? Korleis ser det ut? Er eg forberedt? Ein ting som er heilt sikkert er at det blir mange inntrykk, og ein opplevelse for livet.  

Eg heite Mona Herskedal Fjelland og er styrer i Espira Halsnøy Kloster barnehage, i Kvinnherad kommune. Eg synes det er fantastisk at me i Espira har fått til dette samarbeidet med SOS-barnebyer. 141 barn i Bindura får nå ein bedre start på livet. Dei får trygghet, tilhørighet, eit pedagogisk tilbud og ikkje minst næringsrik mat kvar dag. Gjennom innsamlingsaksjon i barnehagen vår, og andre Espira barnehagar, kan me drifte denne barnehagen. Barn hjelper barn! Nå får me ein nærhet til prosjektet på ein heilt ny måte.

Kva er det som gjer at me er født i akkurat dette landet? Norge med all sin tryggheit og alle goder? Eg kan pakke dyna godt rundt gutane mine kvar kveld, og eg veit at dei har dei beste forutsetningane i livet. Det er godt for oss, men du verden så urettferdig. Eg synes det er vondt å tenke på at så mange barn i denne verden ikkje har det godt. For meg er det vondt å tenke på, korleis er det då å leve det livet? Med dette i tankane er eg sikker på at det blir mykje følelsar på denne turen. Nå skal me heldigvis få sjå at det nytter å bry seg, det nytter å hjelpe.

Ein av oppgåvene på turen er å gjennomføre ein workshop med pedagogar frå Zimbabwe. Det er alltid spennande å utveksle erfaringar og fagkunnskap med andre pedagogar, men dette trur eg blir heilt spesielt. Me skal få sjå korleis kvardagen og det pedagogiske arbeidet i barnehagen er i forhold til her i Norge. Har me fokus på det samme? For oss er det viktig at barn får være barn, og at barndommen har ein eigenverdi. Alle avgjersler me tar skal være til barna sitt beste. Relasjonsbygging, tilknytning, danning, lekbasert læring, den frie leiken osv. Er verdiane våre dei samme? Det er mange spørsmål eg snart skal får svar på.

Det er ikkje mange dagar igjen før avreise. Eg gler meg, mest av alt til å møte barna. Eg prøver å forbereda meg, men er usikker på om eg klarer det. Dette må nok opplevast.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: